Oppdrettsnæringa: bransje i utvikling

BKS har gjennom åra opparbeidd seg lang erfaring i planlegging, delproduksjon og montering av både landbaserte og flytande anlegg.

–Me leverer komplett infrastruktur i tillegg til ventilasjons- og sanitæranlegg til både land- og sjøbaserte oppdrettsanlegg, fortel produksjonsleiar Arnljot Hvidevold.

Oppdrettsnæringa er ein bransje i utvikling, og ein ser at det i større grad vert satsa på landbaserte anlegg.

 

BKS har levert, fabrikkert og installert 36 tonn med Super Duplex røyr, og to tonn med plastrøyr i tillegg til andre stålrøyr og -strukturar, utstyr og komponentar på Artic Offshore Farming, to hav-oppdrettsanlegg eigd av Norway Royal Salmon i Trondheim. Anlegga vart bygd av Fosen Sea Farm Construction i Emden, Tyskland og frakta i to halvringar og sett saman i Verdal. Anlegga skal slepast ut i posisjon vest av Senja.

 

– Me ser stor utvikling innan oppdrettsbransjen. Dette er ein bransje me følgjer godt med på og satsar
meir inn mot enn tidlegare. Denne utviklinga skal BKS vera ein viktig leverandør til, seier Hvidevold.

BKS utfører service på båtar og anlegg, vedlikehald og oppgradering av anlegga.

– Me har marknadens mest moderne sveiseutstyr for effektiv deleproduksjon og røyrsveising, og våre montørarar er sertifiserte for speil-, ekstruder- og elektrosveising.

Me har utført jobbar for mellom anna Alsaker Fjordbruk, Bio Fish, NRS og Fosen Yard (Midt-Norsk Havbruk AS), Sølv Trans med fleire, utdjupar han.

Dei siste åra har BKS vore involvert i fleire store prosjekt innan oppdrett – mellom anna i Emden, kor det er brukt PE-røyr på foringsslangane til havmerdane.

– Lakselus er også eit tema som har vore mykje oppe. Scale AQ har brukt Thermolicer, der me har vore leverandør. Thermolicer er eit avlusingssystem, der laksen går gjennom varmt vatn slik at lusa slepp taket og fell av, forklarar han. I kjølvatnet av eit grønare bransjefokus, kjem det spanande nye produkt.

– BKS er i dialog med eit firma som har utvikla ein stor «støvsugar», den sug opp forrestar og slam som ligg igjen i merdane slik at det ikkje havnar på havbotnen. Han fortel også at det er blitt større fokus på fiskevelferd dei seinaste åra.

– Vår eigenproduserte uttrekksmaskin gjer at me lagar manifoilar og t-røyr med avrunda overgangar innvendig slik at fisken ikkje skadar seg når han vert transportert gjennom røyra

(Tekst: Silje Huglen Tillund, Mediehuset Sunnhordaland - frå BKS Informasjonsavis juni 2021)

Gasta Design